Dagane som går
Veker og helger passerer. Eg sit i den kvite stolen min og skriv. Av og til. Men meste av tida gjer eg andre ting eller ingen ting.
Så er helga over. Før det vart heile veka også over. Tid. Tid og tid. Den raser gjennom tilvære om eit hurtigtog. I dag har vi feira farsdag. Vi var i Mjosundet og feira far min, jentene mine og søstera mi. Mor og far serverte bacalao, og seinare vart det kaffi og farsdagskake. Eg tok med meg ein dessert eg fann oppskrift på bak på semulegrynspakken. Den syntes eg ikkje noko om. Den vart for godt steikt, sikkert betre med mindre steiketid. Eg hadde også med ei kake eg starta på for sist veke. Eg måtte frysa den ned for den tok for lang tid å laga. Den fann eg på bloggen her. Kaka syntest vi var god. Men eg vil tilrå god tid om du vil bake den.
Jentene har vore heime. Kjempekoseleg. Mellomste kom heim på torsdagskvelden, ho hadde jobb og gjera. Det er greitt for å spe på studielånet. Yngste kom ikkje heim før laurdag. Fredagen hadde ho jobb ho også. I tillegg hadde eit radioprogram ho og tre til i klassen hennar har laga premiere. Neste sending er neste fredag. Legger link til facbooksida dei har oppretta.
Veka som har gått har vore krevjande. Bilar som må reparerast og tenner som ikkje roar seg. Ein morgon vakna eg i otta, da dura tankane rundt som pingpong ballar. Eg måtte til og aksjonere. Så vart det tannlege igjen, eg var hovna opp til like under auget. Så no er i gong med rotfylling av ei tann og antibiotika. Eg skal også rotfylle ei til. Kjenner eg er litt redusert av alt dette styret, men det går over. Alt blir historie.
I går natt såg vi noko rart. Over fjellet, på andre sidan av fjorden, var himmelen oransje som om månen kom opp. Men månen var ein helt annan plass. Og det som var aller rarast var at lyset blafra som om det loga flammar der attom synsvidda. Av og til forsvann mest farga og så slo den seg på. Var akkurat som ein puls. Eg har leita på nett for å finne ut kva vi såg, men har ikkje funne noko svar.
Søndagskvelden skal nytast framom tv apparatet. Både der ingen skulle tru nokon kunne bu, programmet om døden og Downton Abbey skal fortærast, saman med ein kopp kaffi med noko attåt.