Korleis bruka tida
Her vil eg gje gode tips. Riktig gode tips. Eg har også sagt tidlegare at ein ikkje skal bruke ironi når ein skriv......
- Er du født med for mykje tid og har problem med korleis du skal bruka tida di, vil eg koma med ei del råd her. Du er sjølvsagt heilt fri til å ikkje høyra på råda mine.
Det kan være lurt å starta med ei utdaning du ikkje får jobb etter. For da kan du arbeida både med det du er utdana innan for deg sjølv, og ha eit arbeid ved sidan av som du tener pengar på.
Eg må med ein gong seia at råda mine går over mange år. Dette er ikkje gjort i ei handvending å bli god i.
For etter ei stund kan det henda du får lyst til etablera deg, da kan det vera lurt å satsa på nokon du kan skilja deg frå. Det er eit bra utgangspunkt. Er det i tillegg genmateriale innan syndromatikk er berre det positivt. For da blir det meste ikkje slik du trudde og det kan væra svært bra for tidsbruken. Det kan no henda at utdaninga kan få kvila på hylla, og er du heldig får du ikkje jobb. Det som er viktig er å stå på, blanda inn med dårleg samvit. Det gjer liksom susen.
Og gjorde du valet riktig med ekteskapet er vi no kome fram til separasjon. Ein riktig artig periode, om eg må seia det sjølv. For no kan du, om du vil, sjå etter nye menn. Dei er ikkje vorte betre og det er bra, for da kan du fortsette å ordne alt sjølv, noko som tek meir tid enn om ein er to. Og no må du sjå etter og få deg jobb. Det er kjempeartig å få jobbar som du ikkje treng utdaning til. For det er no du kan starta å betala attende studielånet for alle åra du studerte. Og med ein stad å bo og bil får du det riktig godt og trongt.
Økonomisk.
Og tida, den har fått lange føter å gå på. For det kan henda at det du arbeider med krev meir tid enn det du har tid til. Og du er faktisk i den heldige situasjonen at du ikkje har val. Tenk alt du slepp og ta høgde for, du får berre lov til å utføra det beste du er god til. Det som er fantastisk no er at du sluttar å væra god. Du blir i tillegg litt gløymsk, huskar ikkje kor nøklar og slikt er lagt. Og tenk all den deilege tida som går med til å leita. Leita etter alt du etter kvart ikkje finn. For det kan verta mykje.
Kanskje gløymer du rekningar, reiserekningar og mykje anna slikt snask. For da vert alt enno trongare. Og all den herlege tida ein kan bruka på å spekulera på løysningar. Kanskje ein får lov til å vakna tidleg om morgonen og tenke på akkurat det. Morgonstund har gull i munn som de veit. Og soloppgongar kan være gylne stunder. Om ein ikkje berre vil sova da. For det kan hende at du kjem dit at du verken vil legga deg eller stå opp. Her er det mykje som kan skje, kanskje treng du ikkje lengre tida til å utføre......kanskje tida går forbaska fort utan at du gjer noko.
Du må så klart rekna med at det blir enno trongar alt. Men noko må ein så klart ofra i dette fantastiske løpet.
Og alle dei herleg gamle bilane. Det som er så fint med gamle bilar er at dei treng reperasjon. Eg er så heldig at eg driv å baskar med to. Det vil seia den eine er fint parkert i ein garasje, veit ikkje om eg får den derifrå utan hjelp. Den andre, som eigentleg ikkje er min, men som kan bli min, har ei lang liste av ulumskheiter. Eigentleg har den skulla gjennom ein omfattande greie, men for å bruka tida har eg leita etter plass i min slanke økonomi. Men ned tenner som vil ha oppmerksomheit og enno litt slankare og velreidd pengepung må alt stillast i kø. Og husk, dess slankare desto meir vellukka.
Og....det som ikkje finnest finnest ikkje.
Slik får du lov til å vakna enno tidlegare, eller ikkje villa vakna. Svært spanande kva som skjer, korleis utfald det blir.
Det er her, altså om flaksen er riktig på rett plass, at du kan få fleire overraskingar. Kanskje du er så heldig at du får lov til å måla kreftene mot gigantar i den økonomiske verden. Slik in case....... Kanskje like før jul, berre som eit eksempel. Da får du lov til og leve eit så fantastisk spanande liv som du ikkje veit kvar endar. Kanskje du til og med får lov til å flytta.
Tenk deg det, alle desse overraskingane?
Og på det tidspunktet her leitar du etter det meste, sjølv om ting har fast plass. Fordi du gløymer. Briller og kort og nøklar, du veit aldri kor dei neste gong dukkar opp. Kanskje startar du å rive ned og knuse. Har eg den koppen, eller har eg den, eller..........oooiiii der falt den i golvet. Litt slik tombola. Og alle veit at det er artig.
Ein vakker dag har du inga tid. Du har klart det!
Og som pynten på kaka kan det henda, at det vesle du har igjen av jobb med det vesle du klarar, at det skjer......for vi må huske på dei gamle bilane. Med dei skjer så mykje uforutsett at det er ei lukke.
Altså, denne vakre dagen etter og ha leita etter nøklar og briller, slik at tida blir lita og nett. Da kan det henda at bilen ikkje startar.
Så spanande!
Artig og kontakte naboane, endeleg, for samvær blir det litt lita tid til. Men da kan du ringa dei, om kanskje dei kan hjelpa?
Og livet spøker i veg med deg, ein riktig skøyarklump dette livet. For plutseleg startar bilen og du kan ringe både naboar og andre om at alt blir litt annleis enn kva du sa for litt sidan.
Så kan du glad og lykkeleg køyra i veg og prisa deg sjølv kor heldig du er som får oppleva alt dette. Medan rattet på bilen er å tungt at det mest ikkje kan dreiast. Og du skjøner at du er så heldig og ha fleire overraskingar på lur, men så klart less du som ingenting. Ein vil ikkje væra storforlangande og forventa overraskingar.
Og medan mørket senkar seg over desemberettermiddagen seier det liksom berre dunk i bilen og plutseleg står den heilt i ro. Tenk å få gå ut der i skyminga medan andre meir uheldige bilistar passerar. Bilistar med nye bilar som ikkje får oppleva alt dette som gjer livet så innhaldsrikt. Stå der ute, slepp og sveitta og må forandra alt nok ein gong. Det er da ein skjøner kor godt ein har lukkast.
Og medan du vinkar til bilen som forsvinn attom svingen på lasteplanet til ein kranbil, snur ein seg den andre vegen som i sakte kino, knepper saman den gule refleksvesten (som fantes der den skulle væra), og skravar inn i mørket og framtida mot nye overraskingar.
Men det har kravd mange år å koma hit. Og det har vore beinhard jobbing. Men eg må seia eg har lukkast svært godt med å greie og bruke opp tida mi på ingenting. Eg er riktig heldig.
Og den siste setninga var ikkje berre ironi (i tillegg til eit par til).