Med sol i blikket
Om vinden bles og lufta er kald, greier sola å lage varme lommar av sommar. Ein gamaldags sommar med klestørk og stripete lys inne i ei vedbu.
Eg koser meg så enormt at eg har lyst å skriva side opp og ned om det. Men gjer eg det kan det virke som eg prøver å overtyde. Så eg berre stadfeste at det har vore av desse nydelege sommardagane ein skulle hengt på veggen i ramme slik at ein aldri gløymer. - Gløymer at livet kan være svært vakkert.
I dag må eg gjera; tenkte eg.
Og lista var lang.
Det var oppgåver i hopetal både ute og inne. Men som ei kommenterte; når det er fint vær bør ein væra ute. Så etter koppvask og klesvask gjekk eg med bestemte skritt bort til fjøset for å hente kantklipparen. Det var den som måtte brukast så langt som alt hadde vokse seg. Men hugsa eg korleis den virka tenkte eg da eg passerte veden.
"Pssst!" kjem det frå dungen, "det er meg som hastar mest".
Og det hadde veddungen heilt rett i. Så eg henta trillebåra i staden. Graset er da berre fint med alle blomane sa eg til meg sjølv.
Eg får gå i gong med det der klippegreiene når det startar å sjå avblomstra ut. No ser det berre frodig ut...........synest eg.
Ti trillbårelass kom på plass. Satsar på minst ti nye lass i morgon. Men det synest ikkje. Dungen ser like stor ut.
Ein kaffikopp på terrassen vart det og, saman med syster som hadde laga vaflar med både banan og sjokolade i.
Da kvelden nærma seg fekk eg vaska badet, hengt ut den tredje klesvasken. Og før eg gjekk i dusjen labba eg barfot gjennom ein skog av gras. Det vaks kornblomster i noko som eigentleg er eit blomsterbed. Eg plukka inn en bukett og plasserte i vase på stovebordet.
- I solskinet.
Livet oppleves perfekt. Akkurat slik ein laurdag skal være.
Etter ein dusj sette eg meg på terrassen med neglesaks. Det er i sola ein bør gjere slikt. I sola på ein terrasse.
Eg kjende att gamle stemningar. Frå den tida eg budde i Hegdehaugsveien og hadde balkong over gågata. Der somrane var varme og livet langt og inneheldt mykje. Og eg var midt i alt.
Tretti år seinare dukkar stemninga opp. Eg trur det er riktig bra og viktig.
Eg er på tur.
Reisa attende til energi og overskot er i gong.