No og framtida

08.08.2014 16:24


Ein fredag med flygande irritasjonar som ein klaskar laus på og tankar om tid.


Eg har starta dagen med pusling. Morgonane er gode til slikt. Går så lett unna alt da. Tømme oppvaskmaskina, sette på ein vask med klede. Akkurat no er det berre summinga av vaskemaskina eg høyrer. Ikkje ein gong den forferdelege og irriterande lyden av flue i farta.

Det er fredag.

Tid er noko rart. Alt som er er plutseleg borte. Dagane går så ein kjenner luftmotstanden mest. Hausten er snart igjen ein realitet. Eg velje å være litt hare;  "hus under kvar busk, hus under kvar busk." Eg kan ikkje taka innover meg meir enn eg greier. Det er litt for mykje eg ikkje veit. Ikkje enno.

Vi har feira dagar, vi har folk hos oss og vi fer på vitjing. Tida heng saman. I går runda eldstemann 23 år.

Første gong eg ikkje var med å feira dagen. Han feira den saman med kjærasten, det var berre dei to. Yngste var ikkje så mange mila unna, ho fekk sleppa fri såpass langt i år at ho kjøpte seg ein billett til Øyafestivalen. Så der var ho, gledde seg til Outkast og være med der det skjedde. På laurdag er ho attende, da skal eg plukka henne opp og saman, samtidig som eg køyrer midt-i-jenta til Trondheim. Der startar ho på eit nytt kapitel i livet sitt. Vi dreg med hengar lasta med seng og mykje anna. Ho held på å få tyngdekrafta på plass i livet sitt att, etter reisa. I går var ho tilgjengeleg på telefon og månadane utan mobil etter tjuveriet i Panama er historie. No gjenstår data og sykkel, ho blir boande tre kilometer unna Dragvoll og det er sykkelavstand. Og yngste skal berre enkelt ta opp tråden frå i vår, hybel og skule er det same og på plass. Eldstemann må få att helsa si før han er i godt gjenge. Ein lever med dei som fekk livet gjennom ein. Slik er det.

Og eg, eg er snart for meg sjølv igjen. Med mitt nye kjøken, som mest lager mat og ryddar opp av seg sjølv. Eg må sette fokuset på meg sjølv. Nokre må'ar må nok spikrast på veggen. Det kan høyrest litt strengt ut, men det er nok mykje meir viktig enn strengt. Eg må halda spegelen framom meg for å sjå etter endring. Gjennom våren og sommaren har det ikkje gått for det hengte så mykje framom. Livet er mest som eit spel der du får oppgåve som må løysast før du kan gå til neste plan. Men no må eg snart sjå. Sjå om kreftene er fleire, om dei er sterkare, om eg greier å passe betre på meg sjølv og gje meg ein betre plass. For det må eg.

Eg må leve mitt liv. Mitt liv på eigne premissar. Det er godt og ikkje minst viktig. Når ein lever så stort på andre sine premissar at ein held på å gå inn i ei grå skodde av å ikkje henge saman, av å mista tankane og begrepa - da har ein for lenge gjort som kjerringa som sa "klarar eg den, så klarar eg den". Til slutt er haugen så stor at den er umuleg å draga lasset og staurane startar å trille av. Å leika plog er så enkelt og så frykteleg tungvindt.

Det er fredag og skodda heng nedover fjellsida. Fluene kravlar stille og irriterande på foten. Eg skal henge opp ein vask klede og finne andre ting eg bør sette fingrane i. Før eg triller ut bilen ein gong i ettermiddag for kjøring av midt-i-jenta til det ho skal og hente foreldre til butikkhandling. Slikt.

Men når ein blir møtt av dette når ein står opp er det verdt alt og meir til. I all enkelheit.


Tema: No og framtida

Ingen kommentarer funnet.

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no