Så vakker som dagen
Når sola skin og lagar grønt slør over skogen.... Når fuglane syng og alt glitrar..... Det er da det ingen ende skulle ta.
Så lakkar denne langfredagen mot ein ende, ikkje noko lengre enn ein vanleg dag. Det har vore ein svært vakker dag. Glitrande vakker, med blå himmel og sola som tok igjen for den grå regndagen i går. Ein kunne ta kaffien ute og det vart gjort opp til fleire gong gjennom dagen.
Eg hadde lova mor og far ein biltur, og dette var dagen for det. Dei hadde koka kaffi på termosen og vermd opp kanelsnurringar som vi kosa oss med på rasteplassen utmed Mjosundbrua. Riktig nok litt kald vind, men det gjekk.
"Kvar skal vi køyre" ville eg vite. "Todalen!" sa far, og slik vart det. Så vi svinga tre kvarter i rundkøyringa på Kjelklia, køyrde forbi Aure kyrkje og tok innover dei krunglete vegane til Todalen. Passerte Tevika, Gresset, Torset, Bjøringa, Haugen, Vik, Ervika og så var vi i Todalen.
Du store verda kor herleg denne køyreturen var i dag. Våren hadde fått eit godt tak. Ekrene var grøne, skogen hadde fått eit grønt slør og ned etter berga kom det vatn i små fossar som sola laga glitter i. Eg vart heilt 17. mai-norsk, fekk lyst å synge alle desse nasjonale songane, men hugsa ingen. Eg fekk lyst til å være i alt over alt. Naturen ga meg mest eit sjokk, eit naturopplevings sjokk.
Sola og vatnet og glitteret.
Dei grøne blada. Berre ein kunne halda dette fast, at det kunne være akkurat slik til ein vart lei av det.
Far vart sliten av alle inntrykka. Mor stråla over all våren.
Og alle var einig om at det hadde vore ein fin dag........for det passar å skrive her. Det hadde vore ein svært, svært vakker dag!
Attende og heime hos meg sjølv i kveld fekk eg meg ein ikkje fullt så bra oppleving, da eg skulle gå inn døra mi var den låst! Og eg meinte at den for eg frå open, slik at dei som bor nede kunne gå ut på terrassen oppe og nyta sola. Så der måtte eg innsjå at hukommelsen min var meir enn ille, svært ille fann eg ut. Det var ei trist oppdaging, men det kunne ikkje være nokon anna forklaring slo eg fast. Så fekk eg sjå at søster mi hadde prøvd å nå meg på telefon, så eg ringte henne opp att. "Eg såg Lucas for å sprang rundt huset" sa ho. "Og da eg såg bilen din var vekk sleppte eg han inn og låste døra". Gjett om eg vart glad, dobbelt glad og meir enn det-. Hunden var teke vare på og eg heldt ikkje på å miste hukommelsen. Eg hadde berre ikkje slege døra ordentleg igjen.
Og i pur glede måtte eg ta bilete av årets første kvitsymrebukett.
Den var eg å plukka før eg drog til Mjosundet. Lucas og eg tok turen ned til jordet nedanfor husa. Trur det var i fjor eg oppdaga at det var der kvitsymra kom først her på Bakk. For det er viktig å vite kor den kjem opp om våren.
Så slik kan eg pakke ned denne vårdagen og i morgon kjem ein ny. Til den dagen har eg funne fram skia mine.